Fitjar skulekorps startar i desse dagar salet av årets adventskalender.

Kalendrane kostar 100,- per stykk og musikantane i korpset kjem til å gå rundt på dørene for å selja kalendrar. Inntektene frå salet går til drifta av Fitjar skulekorps.

Dersom ein ynskjer seg korpset sin adventskalender men ikkje får besøk av ein musikant på døra, kan ein få tak i kalendrar både på Joker Rydland, Hårloftet og hos Thea Træet AS. Det vert og sal av kalendrar og lodd hos Larsen 20.,21. og 22. november.

Salsperioden er 27.oktober -30. november. 1. desember startar trekkinga, og det vert trekt ut eit til to vinnarnummer kvar dag. Vinnernummera vert kunngjort her på fitjarposten.no og i bladet Sunnhordland kvar dag i desember. Det er mange flotte gevinstar, alt frå Bilpakke t/r Kristiansand – Hirtshals  og gåvekort til sauskinn og hotellopphald. Utlevering av gevinstar er det kundetorget i Fitjar kommune som tek seg av. 

Skulekorpset takkar alle som har støtta korpset med gevinstar og alle som støttar korpsarbeidet gjennom å kjøpa skulekorpset sin adventskalender.

Ingressbilete: Kornettist Siren Brekke og dei andre korpsmusikantane er klare for å selja adventskalendrar på dørene i Fitjar og håpar dei vert tekne vel imot.  Foto: Helga Rimmereid