Jon Fredrik Hartvedt som syklar Nordkapp-Lindesnes er no i Storslet i Troms, og nærmar seg Lyngsalpene.

-Det går jo sakte, men sikkert sørover. Hadde ein bra etappe i dag, og sykla over to fjell. Nærmar meg nok Lyngsalpene i morgon, så det skal bli interessant, seier han på ein sms til fitjarposten.no