Fitjar musikklag saknar nokon som kan spela kornett.

Me har fått fylgjande rop om hjelp frå Kitty Træet, leiar i styret for Fitjar musikklag:

«Me er i oppstarfasen av eit nytt musikkår, og me ser at me har nokre musikantar som er sakna. Me har dei siste åra hatt rekrutterinsproblem på kornettsida (uvisst kvifor…me er ganske kjekke me som sit der…) Dersom det sit nokon der ute som har spelt kornett, eller eit anna instrument, spelar inga rolle kor lenge sidan, så er dei hjarteleg velkomen til å vera med oss. Me har øving på Losjehuset kvar torsdag kl. 19.30 – 22.00.

I år har me fått ny dirigent. Det er Torbjørn Røssland frå Stord. Me er verkeleg glad for at han kjem til oss no etter at Per Olav Paulsen har takka for seg.

Detter halvåret som kjem er planen at me skal vera med i SIDDIS konkturransen i Stavanger 6. november, marknaden vår vert 18. november, så kjem det to julekonsertar m.m.

Som de ser krev dette besetning, og me er svært glade om det er nokon som vil vera med oss i laget. Me kan tilby oppfriskingskurs på instrumentet dersom det trengs!»

Kitty ynskjer i tillegg å minna om at dersom nokon har eit instrument heime som tilhøyrer Fitjar musikklag er det fint om dette vert vaska og levert på Losjehuset.

Fyrste øving for Fitjar musikklag i haust er torsdag 26. august kl. 19.30.