Vi har etterlyst eigarane av denne katten i Fitjarposten tidlegare, utan å få respons, seier Ellinor Bergesen og undrar på om det kan vera avdi eigaren har vore på ferie.

Ellinor har sendt oss følgjande beskriving og håpar eigaren dukkar opp denne gongen: «Pus er mørk brun,kvitt bryst, kvite poter, eit rift i eine øyra. Gulbrune auge. Ein flott katt om den får komma i ein heim igjen.!!Katten er sosisal og er tydeleg at den har budd inne. Den har vore i området Bakkjen i mange veker. Den får mat, men vi kan ikkje ha denne katten. Dyrevern og Mattilsyn er kontakta, men vi vonar at denne vesle hokatten har ein heim og at nokon saknar den og vil henta henne.Vi set pris på om eigarane kan ta kontakt med oss. Telefon 416 54 544»