Foto: tipsar

Tidlegare i dag spurte me om nokon sakna kajakken sin.

– Eg fann ein fin gul kajakk ved Vestbøstadvikjo i går. Den var ikkje fortøyd og låg øverst i flomålet der springfloa har vore, skreiv tipsaren, som meldte saka inn til Fitjarposten.

No har eigaren av kajakken tatt kontakt med oss.

– Det er min kajakk, og den er ikkje sakna, ler eigaren.

Ho fortel vidare at ho bur i nærleiken og nyttar kajakken når ho har tid.

– Men det er godt å høyra at folk har omtanke og tipsar då, avsluttar eigaren.