Ein av våre lesarar etterlyser eigarane til ein svart liten uredd katt som har søkt ly under ei trapp ein stad i Hellandsfjorden.

– Katten er liten, svart, litt kvit på brystet og er ikkje redd folk. Det ser ut til å vera ein familiekatt, fortel innringjaren som håpar nokon saknar katten, og at dei tek kontakt slik at katten kan komma seg heim.

Saknar du katten ta gjerne kontakt på mobil 975 18 913.