-Ei søt, grå kattunge er sett over tid ved inngangen til Sjøsio på Larsen. Kan det vera di? spør ei av lesarane våre. Ho legg til at det er ei tillitsfull og kosete hokatt, grå med kvite sokkar, og ho håpar inderleg at det er nokon som eig ho og vil ta vare på ho.