Nokon har mist eller forlagt eit par briller ved Midtvatnet.

Fitjarposten etterlyser den rette eigaren av eit par briller som er funne oppe ved Midtvatnet. På ein stein ved sida av vegen, ikkje så langt frå Svartavatnet, har brillene lege nokre dagar. I går blei dei tekne ned til sivilisasjonen, og er no hos Ellen Vestbøstad.

Dersom eigaren kjenner dei att på bileta våre, er det berre å ta kontakt med Ellen på telefon 53497285.