Halvard Wiik har funne ein båt på rek i Storavatnet. Kan det vera din ?

-Båten eg har funne er ein plastbåt som var på rek i stranda nedforbi Tveita. Den er kvit av merke LAMI 265.

Båten var full av vatn og låg og dunka mot land.  Den er truleg  komen på rek i samband med at vatnet var svært høgt i samband med stor nedbør for nokre dagar sidan.

Båten er lensa og dregen på land nedforbi huset mitt på Søre Tveita. Han ser stort sett ut til å vera uskadd. Eigaren må ta med seg årar når båten skal hentast, skriv Halvard Wiik til fitjarposten.no