Anna, Daniel og dei andre babyane som brukar vera med på Babysong vil gjerne ha med seg endå fleire små på denne kjekke aktiviteten.

Samstundes som det er småbarnstreff på Bedehuset samles ein gjeng babyar saman med mødrene sine til babysong på loftet på Fitjar bedehus. Anna Fitjar Hjelle, som er 1/2 år, trivs svært godt med songstunda, og både ho og Daniel L. Aga ville likt at fleire små kunne koma å vera saman med dei. Mødrene deira hadde og likt å få selskap av fleire småbarnsmødre. Det brukar å vera 4-6 babyar kvar gong, som samles til ein halv times song- og musikkstund før det er felles nistemåltid saman med dei som går på småbarnstreff. Under songstunda får babyane liggja på ei dyna på golvet, medan dei vaksne syng for dei eller me lyttar til musikk. Det går i rolege løftesongar, songar med rørsler, voggesongar, songar med spenning og lydvariasjon. Mykje av inspirasjonen er henta frå Frelsesarmeen sitt babysongopplegg. Tamburinen som leiaren går rundt med for å ynskja alle velkomen er populær, og likeså såpeboblene dei får sjå på medan dei lyttar til musikk. Dei som klarer å halda i noko får spela på instrument:  tromme, maracca, pinnar, tamburin eller bjøller. Det er ofte ein eigen avdeling med songar som handlar om sjø. Me ror på fisketur og vuggar over Kattegatt, babyane får liggja under "sjøen" (eit blått gjennomsiktig tøystykke) og dei  får liggja oppi "båten" (ein blått laken) og gynga i takt med musikken. Me brukar og mange regler og songar som omhandlar kroppen. Mødrene treng ikkje vera spesielt flinke til å syngja, kunna mange barnesongar eller ha musikalske eigenskapar, men ha eit ynskje om at dette skal vera ei god oppleving for dei og babyen ilag. Her kjem babyane frå dei er eit par veker gamle, og ein ser svært tidleg at dei nyt songen, musikken og opplevingane. Og dei søv godt og lengje etterpå. Når dei blir så store at dei tek til  å springa rundt går dei over til å vera med på ei eiga songstund for dei som er 1 1/2 år til 6 år (småbarnstreff), der dei er meir delaktige sjølv, og mange av songane og reglene har rørsler til.

Det er gratis å vera med på både babysong og småbarnstreff, og alle som ynskjer det er velkomen til å stikka innom for å sjå og oppleva kva me held på med. Dei som går der i dag uttrykjer at dei set pris på å koma seg ut og treffa andre i same situasjon. Det er kjekt å få friska opp att gamle barnesongar og spennande å læra nye songar. Dei ser at ungane kosar seg både med musikken og det å vera saman med andre. Mødrene snakkar ofte om at dette må det vera mange fleire som kunne hatt glede av.

Mari Maurstad har sagt at " Nærheten, tryggheten og roen som barn, foreldre og besteforeldre opplever når de sitter på sengekanten eller i godstolen, er unik og spesiell. En kosestund med gode, gamle sanger setter varige og verdifulle spor hos små og store". Foreiningen Musikk i livets begynnelse seier: " I løpet at sitt første leveår har barnet sitt livs største følsomhet for lyd, lydens ulike kvaliteter: tonehøyde, tonestyrke, farge, klang, rytme, varighet. …. Sangen er den formen som mest direkte og uttrykksfult, ved hjelp av stemmen, når fram til barnet. Foreldrenes stemmer når de synger og traller skaper en følelse av samhørighet."

Astrid Koløen Prestbø og Helga Rimmereid, som driv Babysong og småbarnstreff i regi av soknerådet, ynskjer først og fremst å skapa ein god samlingsplass, med gode felles opplevingar for ungar og vaksne. Dei ynskjer alle som er heime med små ungar hjarteleg velkomen!

Babysong har 4 samlingar igjen denne våren: 2. april, 16. april,  30. april og 14. mai. Me samles på Fitjar bedehus kl. 10.30 og er ferdig ca. klokka 12.00. Etter songstunda er det felles nistemåltid, så det er lurt å ta med nista og kopp (kaffi, te og saft vert servert), i tillegg til tøflar/tjukke sokkar.