Panikken brer seg i Fitjar musikklag. Førstkomande torsdag skal dei arrangera marknad med åresal, men alle treårane til laget er sporlaust forsvunne.

Ingen i musikklaget veit kvar årane har teke vegen. Ingen kjenner til at dei har lånt dei vekk til nokon. Like fullt er alle boksane med treårar sporlaust vekke, og no tar marknaden til å nærma seg. Har du tips i saka, vert dei mottekne med stor takk av Åse Toskedal i musikklaget på tlf 909 40 423.

Åse lovar at det skal verta marknad med både loddsal, god mat og flott musikk sjølv om ikkje årane skulle koma til rettes innan torsdag. Men det er alltid kjekkare og lettare å ha sitt eige utstyr enn å låna på bygda.