Elevar og lærarar på Sælevik skule har brukt nesten ei veke på arbeid for årets innsamlingsaksjon til Flyktninghjelpen, og rundt 10 000 kroner greidde dei å samla inn.

I går var det open dag på Sælevik skule, og skulen blei fylt opp av naboar, foreldre, besteforeldre og andre slektningar. Her fekk folk sjå kva elevane har arbeidd med denne veka. I staden for vanlege fag har elevane brukt skuletida til å produsera varer som skulle seljast til inntekt for TV-aksjonen. Her kunne folk kjøpa flotte fuglebrett, fuglemat, tova pyntehjarte, kort, honning og mykje anna. Folk frå krinsen kom med ymse varer til loppemarknaden, og det var ein og annan godbiten å få kjøpt til ein billig penge. Gevinstar til den store utlodninga hadde òg folk kome til skulen med. Under heile arrangementet heldt elevane open kafe, der det blei selt saft, kaffi og kaker i alle fasongar.

Alle inntektene gjekk altså til årets innsamlingsaksjon, som går av stabelen 24. oktober. Enkelte av elevane hadde på førehand greidd å samla inn fleire hundre koroner til aksjonen. Så her manglar det tydelgvis ikkje på engasjementet. Pengane frå årets innsamlingsaksjon går til Flyktninghjelpen. Dei vil bruka pengane til å hjelpa menneske på flukt i noko av dei verste konfliktområda i verda, som Somalia, Sudan, Den demokratiske republikken Kongo, Colombia, Afghanistan, Pakistan og Det okkuperte palestinske området.

Her kan du lesa meir om TV-aksjonen 2010: http://www.blimed.no/