Geir Sælevik (50) frå Fitjar tapte den bitre striden mot familien sin i Karmsund tingrett.

– Eg er både skuffa og overraska over at retten ikkje har trudd på verken oss eller vitna me førte,seier Sælevik til bt.no.

Letta og glad
Sælevik si yngste syster og motpart, Kristin Haustavik (40), er letta og glad etter domsslutnaden, og seier til bt.no at ho håpar dei ein gong skal få fred og høve til å leva eit normalt liv, og legg til at den 13 år lange striden med 10 rettsaker har kosta dei dyrt, ikkje berre økonomisk. No har ho lyst til å bruka kreftene på andre ting.

Ankar saka
Geir Sælevik har bestemt seg for å anka saka vidare til lagmannsretten.Til den runden er allereie stjerneadvokat John Christian Elden hyrt inn, skriver bt.no.

Les meir på bt.no

- Annonse -