Tysdag ettermiddag var storskulen ved Sælevik skule på Dåfjorden i det kalde, pene veret.

Sola spegla seg i den blanke stålisen då storskulen våga seg utpå Dåfjorden tysdag etter storefri. Det er viktig å nytta slike sjeldne høve, fortel rektor ved Sælevik skule, Onar Westerheim, til Fitjarposten. I gjennomsnitt er det berre rundt kvart tiande år isen på Dåfjorden er så blank og fin som no. Og trygg er han så avgjort; det blir rapportert om stålis på nesten 20 cm.

Elevane i alderen 10-12 år fekk ei heilt unik naturoppleving i dag. I skuggen var det fire minusgrader midt på dagen, men sola gjorde lufta nokolunde leveleg. Dessutan var dei godt kledde og hadde med seg kakao å varma seg på. Dei gjekk utpå isen i Lønevågen, som ligg rett overfor vervet. Der låg det tre kilometer blank stålis framfor dei, nordover mot Rydlandsskogen. Så langt var det ingen som skeisa i dag, men eit par kilometer gjekk nok dei sprekaste.

No er det å vona at det byr seg fleire høve framover. Og at elevane hugsar å tørka godt av skeisene etter bruk, for det er nok litt salt i sjøisen.