Det er blitt ein tradisjon på Sælevik barneskule at elevane kvart år samlar inn pengar til TV-aksjonen. I år skulle det samlast inn pengar til Amnesty, som arbeider for ytringsfridom og mot urett, i heile verda.

Elevane hadde førebudd seg med å lage plakatar og lært om organisasjonen. Omtrent heile bygda møtte opp og fylte skulen med folk i alle aldrar.

For å tene pengar selde ein mat, klede, sko, bøker, leikar og diverse som elevane sjølv hadde laga.

Tidlegare hadde regionsleiar for Amnesty, Tanja Clifford, møtt opp. Elevane i mellomtrinnet hadde laga kvart sitt spørsmål til ho, noko førte til samtalar om urettferd i verda.

Eg spurde Lars Mugaas Heggland, som stod og selde lynlotteri, om kva dei gjorde. Han svarte at dei samla inn pengar til TV-aksjonen den 21. oktober fordi desse pengane kjem til nytte. – Dei står jo opp mot urett!

Det var lynlotteriet og forundringspakkane som var det mest populære. På slutten av kvelden hadde dei klart å samla inn fleire tusen kroner. Endeleg oppteljing synte flotte 9 226 kr frå aksjonskvelden til Amnesty.

I år hadde dei ikkje fått støtte av SIM slik som dei fekk i fjor. Då tente dei over 14 000 kroner. Alle var enige om at det var ein kjekke kveld med mykje god mat, fine ting og entusiastiske elevar.