Fitjar Frivilligsentral og Fitjar kommune har lyst å prøva ut eit opplegg med ei velkomstsamling for folk som er flytta til Fitjar i det siste.

-Kommunen har abonnert på ei ordning der ein får liste over dei som er flytta til Fitjar dei siste 3 månadane.  Den første lista har me fått no.  Desse huslydane vert tilskrivne og invitert til samlinga.  Dei me ikkje har liste på,  vil me prøva å nå gjennom avisa og plakatar.  Målet med samlinga er mellom anna å få folk til å kjenna seg velkomne, samt å gje dei litt meir kjennskap om bygda dei er flytta til, heiter det i ei pressemelding frå ordførar Harald Rydland, som held fram slik:

«Første samlinga skal me ha måndag 25. oktober kl. 19.00 i Fitjar Kultur og Idrettsbygg.  Der skal Fitjar Skulekorps spela og ein del frivillige lag og organisasjonar vil vera tilstades for å fortelja kva dei driv med.  Ordføraren vil visa lysbilder og fortelja om Fitjarbygda. Til slutt vil det vil vera litt servering og utdeling av velkomstpakkar til dei nye innbyggjarane.

Dersom tiltaket skulle falla i smak, vil me gjerne prøva å gjenta det ein gang i året.»