Den har vore dårleg med lys enskilde plassar i Fitjar. Det har Fitjar kraftlag gjort noko med.

I går møtte me på Johnny Aase og Trond Gerhardsen som skifta pærer på lysstolpane i Fitjarstølane. -Dette er noko Kraftlaget sponsar kommunen med, fortel dei, og legg ertande til: -Men no må du slutta å sparka i stolpene slik at ikkje lyset går igjen! Og så ler dei.

Men dei fortel etterpå at nett dette er eit problem. Om nokon sparkar i stolpene tålar som oftest ikkje lyspærene den vibrasjonen som då oppstår. Så er det berre vona at lysstolpene får vera i fred no i mørke vintertid.