Fotballen har ikkje heilt rulla Fitjar sin veg denne sesongen, og tysdag kveld tapte også damelaget. Njardar/Tysnes vann det jamne toppoppgjeret 4-3.

Fitjar-damene gjekk på sesongens første tap mot Njardar/Tysnes tysdag kveld. På grasbanen på Reiso var N/T hakket betre enn Fitjar i denne kampen og vann totalt sett fortent, sjøl om Fitjar-damene òg misbrukte fleire store muligheter i andre omgang.

Best på Fitjar-laget i denne kampen var dei to målscorarane, Britt Lise Volden og og Gro Hatlevik.