I fjor gjekk Rimbareid skule til topps mellom 9. klassingane under Tinestafetten. Det var nære på at det same skjedde i år.

Etter svært god laginnsats låg klasse 9B på andre plass ved siste veksling, men likevel så langt bak at alle trudde løpet var køyrt til fordel for Nordbygdo ungdomsskule.

Men etter ein forrykande sving av fitjareleven Arild Sørensen Dalsgård, var han plutseleg heilt i ryggen på Norbygdo sin ankermann som så vidt klarte å halde unna inn til mål. Likevel. 2. plass mellom alle 9. klassingane på øya står det respekt av. Dette var òg Rimbareid sitt beste resultat denne gongen.

Rimbareid sitt nest beste resultat stod 7A for med ein 3. plass i sin klasse der det var heile 18 klassar med.

Ingen av dei andre fitjarklassane nådde «pallplass» denne gongen. Men innsatsen var det ikkje noko å seie på. Klasse 6B hadde eit svært godt lag, men fekk mykje av stafetten sin øydelagt på grunn av knubbing i starten. Så sjølv om Tone Brakedal løp ein glitrande sisteetappe, var det for langt fram til å koma mellom dei aller beste denne gongen.