Foto: SIM

SIM vil plassere ut tusenvis av nye plastdunkar til alle husstandane i Sunnhordland frå og med september.

Det var mange som jubla då SIM annonserte at dei skal erstatte leveringsstasjonane for glas og metall med plastdunkar til kvar ein husstand.

Men det spørs om like mange vil juble når dei får høyre at det er innbyggjarane som sjølv må ta rekninga for omlegginga.

SIM har no informert Stord kommuen om at henteordninga vil koste kvar husstand 125 kroner i året. Det er prisen for den minste dunken på 140 liter. Prisen for ein 660 liter dunk vil vere 575 kroner per år.

Selskapet opplyser at dei vil starte med å dele ut dunkane til alle husstandane allereie i september, men at henteordninga ikkje vil bli iverksett før i januar 2020.

SIM opplyser at alle returpunkta for glas og metall vil bli fjerna, så det vil ikkje vere mogleg å velje å ikkje bruke dunkane. Men avfallsselskapet skriv at dei har lagt opp til at dei abonnentane som i dag deler papirdunk, også vil få deling av glas- og metalldunk.

Det vil bli sett ut nye 660 l dunkar på enkelte returpunkt for hyttekonteinerar. Desse er berre meint for hytteabonnentar.

Det er lagt opp til tømming av glas- og metalldunkane kvar 8. veke.