Ja, slik skriv Alf Prøysen, og her på Fitjar er det tradisjon med julebukkar 13. dag jul. Og besøk fekk me òg. Mellom anna av desse fire jentene du ser på biletet ovanfor.

I Fitjarstølane var det nok mange fleire julebukkar før enn det er no, men me var glad for å få besøk, og det mangla nok ikkje på julebukkar andre plassar i bygda òg. Ein koseleg tradisjon, synest me. 

For mange fitjarbuar er nok 6. januar den siste dagen før julepynten og juletreet vert rydda bort for denne gongen, sjølv om me òg veit at nokon ventar heilt til slutten av månaden med det. 

Uansett – ei fin tid har det vore, og me undrast på kor mange bygder med berre ei kyrkje som kan visa til eit frammøte på heile 750 på julegudstenestene, slik det var i Fitjar i år.

Utruleg bra, synest i alle fall me.