Mange var til stades i kveld for å sjå transporten av det første vindmølletårnet. Og i natt kom det.

Det vil seie at Fitjarposten var til stades då den største delen av dei fire delane til tårnet passerte sentrum, og me var altså ikkje åleine. Det er tydeleg at dette er noko fitjarbuen er interessert i å følgja med på. 

Den første delen som kom var botnseksjonen på mølletårnet som skal reisast først. Han vog 68 tonn, var 430 cm i diameter og 16,5 meter lang. 

Vindmølletransporten var naturleg nok eskortert av både politi og følgjebil med skilt om spesiell transport.

Ole Vidar Lunde, daglig leder i Midtfjellet vindkraft AS, fortel til bt.no at ein må ha 13 transportar for kvar vindmølle. Av desse er ni så store og lange at dei overskrider grensene for vegen og vil derfor bli eskortert av politi.

I kveld, tysdag, kjem vengen i tre delar, og så vert det, etter det fitjarposten erfarer, montering av den første vindmølla på onsdag. Kvart rotorblad er på heile 45 meter.