Elevar, lærarar, slt-koordinator, politi, trafikkopplæringsrepresentantar og prest synte alle tommelen opp etter knirkefri gjennomføring av trafikksikringsdagen «Ta ansvar» torsdag 28. april.

Det starta med opning av ordførar Harald Rydland, før det vart synt fram ein sterk australsk-produsert film i Kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Ein film som intenst og ekte synte pårørande sine reaksjonar når bodskapen om  at ein av deira kjære hadde forulykka i trafikken.

Etter denne filmen, som etter det Fitjarposten erfarer, gjorde sterkt inntrykk på dei fleste, vart det halde minnestund over trafikkoffer i Sunnhordland dei siste tre åra. Alle vart nemnt med kjønn og alder, og eit lys vart tent for kvar av dei. I alt 6.

Etter samlinga i Kultursalen var det spennande og tankevekkjande stasjonsopplegg i området i og rundt Fitjar kultur- og idrettsbygg. På dei einskilde aktuelle stasjonane, som alle møtte lydhøre og interesserte ungdomar, fann me mellom anna Sunnhordland Trafikkopplæring, NAF, Statens vegvesen, politiet og det lokale kriseteamet – og i sentrum ved bank-kaien var Redningsselskapet på plass med både infotelt og redningsskøyta «SAR».

Bakgrunnen for tiltaket er at ei arbeidsgruppe med SLT-koordinator Ellinor Austad Bergesen og fitjarlensmann Svein Lunde søkte om og fekk midlar frå Hordaland Fylkeskommunes Trafikksikringsråd til gjennomføring av ein slik dag. I søknaden synte dei mellom anna til rusundersøkinga frå 2009 blant ungdom i 8., 9. og 10. klasse pluss elevar i vidaregåande skule. Denne undersøkinga synte urovekkjande tal over ungdom som hadde køyrt i rusa tilstand eller site på med ungdom som hadde nytt rusmiddel.

Eit flott tiltak som bør gjentakast med jamne mellomrom.