Sunnhordlandsmusikken med Lars K. Vik og Trygve Eiken i spissen deltek på Indremisjonssamskipnaden sitt årsmøte i Ølen. Det er venta nærare 700 deltakarar på samlinga.

Når Samskipnaden samlast til årsmøte og stort sommarstemne 24. – 26. juni i Ølen, kan misjonsfolket òg gle seg over ny tilvekst. Mellom anna er eit nytt bedehus på Moster i ferd med å verta bygd.

– Det er gledeleg å sjå at unge familiar går inn i misjonsarbeidet og reiser økonomi til å byggja eit stort nytt bedehus, slik som på Moster, heiter det i ei pressemelding om stemnet, der ein òg rosar mange bygder som held bedehusa sine på ein framifrå god måte og rustar opp med tilbygg og modernisering, slik at bedehusa skal vera tenlege for vår tid.

Nye tider for bedehusa
Om det er mykje å gleda seg over for indremisjonen, har det vore ein liten nedgang i talet på lag og foreiningar. Til saman finst no 201 lag, ein nedgang på seks lag siste året.

- Samfunnet har endra seg mykje dei siste 50 åra. Ikkje minst merkar me dette i forhold til mobilitet og kommunikasjon. Tidlegare var det aktive bedehus i kvar ei lita bygd. No er det mindre i dei heilt små bygdene, og nokre stader vert bedehus selde. Me ynskjer å halda oppe arbeidet på bedehusa, også i dei små bygdene, så lenge foreiningane sjølve ynskjer å stå på, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase.

Ein del av dåpsopplæringa
- I desse dagar legg Den norske kyrkje planar for dåpsopplæringa i kyrkjelydane. Indremisjonssamskipnaden er utfordra til eit samarbeid om ulike dåpsopplæringstiltak. Me ynskjer at barne- og ungdomsarbeidet på bedehusa kan vera eit viktig tilbod til born og ungdom som ynskjer å bli kjent med Jesus Kristus og få opplæring i den kristne trua, fortset Aase som ser på Årsmøtet som sommarens storsamling.

Me har eit trufast misjonsfolk i bygdene som held oppe indremisjonsarbeidet med møte, basarar, julemesser, foreiningar med meir, og eg gler meg til å møta misjonsfolket, seier han.

Hovudtalar vert bysekretær i Bergens Indremisjon, Gunnar Ferstad,  som tek for seg temaet ”Guds gode vilje”.  – Vårt største ynskje er at Indremisjonssamskipnaden framleis skal få vera ei vekkingsrørsle i folket vårt, kommenterer Svein Bjarne Aase.

Songen står sterkt
Sunnhordlandsmusikken, som blir med på sundagen, har halde på i 22 år under leiing av fitjarbuane Lars K. Vik og Trygve Eiken. Det er eit livskraftig musikklag med om lag 70 songarar som syng og vitnar om kva Jesus betyr i deira liv.

Storstemnet i Ølen vert også prega av den unge profilen, med barnegospelfest og familiekonsert laurdagen med stort barnekor leia av gruppa 4U. Det vert også eige ungdomsprogram.

“Minnest du songen” vert den store opningskonserten på sommarsamlinga i Ølen fredagen. Programmet vert leia av husorkesteret og forsongarar frå Kvam. I tillegg vil Sissi og Johannes Kringlebotten, Sveinung Andersen, Nancy Sangolt og Miriam Sakseid ha kvar sine innslag på konserten. Det vert mykje allsong av kjende og kjære songar og salmar, men også noko nyare repertoar.                                                                                                                                                                  Nye ettåringar

På årsmøtet skal to nye ettåringar presenterast. Dei skal gå T2 linja på Bildøy og ha 22 veker praksis i Indremisjonssamskipnaden. Linda Aase, (20) frå Stord har gått på medielinja på Lundeneset, medan Gunnhild Olsen (20) frå Bømlo har gått på musikklinja ved Stord vidaregåande skule i 3 år. I tillegg har dei begge gått Krik-lina på bibelskulen Bildøy.