Foto: Daniel DeNiazi

Klokka 06:15 tysdag fekk politiet melding om eit samanstøyt mellom to bilar på Fitjar.

Politiet rykte ut til staden for bistand og undersøkingar, opplyste Politiet i Sør-Vest på Twitter klokka 06:29.

Uhellet har funne stad i Rundamyrsvingen, og ifølgje meldinga skal det ikkje vere personskade.

Klokka 07:16 skriv politiet at ein person er køyrd til legevakta.

– Ein mann i 60-åra er køyrd til legevakta for sjekk då han verka noko ustødig – uviss årsak. Mindre materielle skadar på bilane.