Denne veka vil det bli ruteendringar i sambandet Sandvikvåg–Halhjem på grunn av anleggsarbeid i Sandvikvåg.

Det er ferjeselskapet Fjord 1 som melder dette på nettsida si.

I perioden onsdag 24. til fredag 26. oktober vil avgangane frå Halhjem kl. 20.30 bli kansellerte. Avgangane frå Halhjem kl. 02.50 går ut, og ny avgangstid blir kl. 03.55 den 25. og 26. oktober.

Det blir sett opp ein ekstra avgang kl. 07.30 frå Halhjem torsdag 25. og fredag 26. oktober.

Sjå Trafikkmeldingar frå Fjord1 på heimesida til ferjeselskapet.
- Annonse -