Årets russerevy på Fitjar vgs «slo» ikkje heilt, men russen skal ha ros for bra førearbeid og einskilde gode nummer.

Revysjef og fitjarbu Martha Leivestad har såleis gjort ein god jobb. Berre synd at dei snubla litt på oppløpssida i premieren i går føremiddag. I gjennomføringa mangla det ein del på at det fungerte som det skulle. Samstundes vil me ta høgde for at revyen vart betre på kveldsframsyninga. – Då sat det heile mykje betre, har me fått rapportar om. 

Ingrediensane inneheldt elles, som russerevyar flest, element som russen er opptekne av, både i kvardag og i festsamanhengar som mange lett vil kjenne seg att i, om dei ikkje akkurat vil applaudere det.

Fitjarbuane Truls Sæterbø Fitjar, Simon Kongestøl Vik og Camilla Volden synest me kom vel i frå det. Særleg vil me berømma Camilla som verkeleg var god i fleire sketsjar.