Fitjarrussen 2014 gav overskotet av russerevyen sin til Kreftforeningen.

Det melder representant for russen, Eirin Sævdal, til fitjarposten.no. Ho kan fortelje at dei etter revyen kunne sende heile 16 500 kr til dette gode føremålet.

-Flott gjort, og vel blåst, seier me.

Ingressbilete: Russegjengen 2014 ved FItjar vgs. Arkivfoto: FP/HCH