– Velkommen til rusfritt 16. mai-arrangement for ungdom på Fitjar kultur- og idrettsbygg, inviterer kultursjef Bente Bjelland. Bilete: Ingrid Bergesen og Good Mood er berre ei av gruppene ein kan høyre i FKIB 16. mai.

Bente fortel vidare at det vert konsert med Sorte Ljos frå Stord, Pumped up kids frå Stord, Algofilia frå Stord og Good Mood frå Bømlo og Fitjar. I tillegg underhalding og discotek. Vidare viser Stord Fitjar Lions kortversjonen av filmen Narkohund – og MOT kjem òg med eit innslag.

Arrangementet har gratis inngang og er ope for ungdom som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Oppfordrar foreldra til å hente
Spesielt vil Bjelland oppfordre foreldre til å hente ungdomane sine etter arrangementet, slik at ein kan vere sikker på at dei kjem seg trygt heim. Ho vil òg spesielt understreke at arrangementet har nulltoleranse for rus av alle slag

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar kommune kulturkontoret og skulekontoret, Fitjar ungdomsråd, Fitjar Frivilligsentral og SLT, Fitjar kultur- og idrettsbygg og Lions Stord Fitjar.