Det vert arbeidd seriøst med å få til eit rusfritt 16. mai-arrangement for ungdom. Men ein treng vaktar.

Arrangementet vert for 8.klasse og oppover og finn stad 16. mai i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg frå kl.19.00-24.00. Aktivitetar ein legg opp til er :

 Film i kinosalen kl 2100
 Ope hus
 Høve til minicup i ulike lagidrettar

Det vert elles sal av brus & pizza med meir.

-Er det nokon foreldre som kan vere vakt, så hadde det vert supert!! Om ein ikkje får nok vaktar,  blir arrangementet avlyst, heiter det i ein e-post til fitjarposten.no om saka.

Så kan du vera vakt, må du ta kontakt med Kristin Skare på mobil: 957 50 151, innan fredag 14. mai.