Politiet fekk kl. 1130 melding om ein tydeleg rusa  person på ferjekaien i Sandvikvåg.

Vedkomande vart henta av politiet, og teken med til lensmannskontoret.  Ein 32 år gamal mann frå Bergen blir anmeldt for bruk av narkotika.

-På grunn av rusen vart den pågripne overført til arresten i Haugesund då han ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv. melder operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim i Haugaland og Sunnhordland politidisrikt.