Politiet fekk rundt midnatt melding frå Fitjar om ei kvinne som hevdar å ha blitt slegen, riven i håret og truga av mannen medan borna truleg såg på, melder politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet rykte ut til bustaden og tok hand om den rundt 30 år gamle mannen som framstod som rusa.

Han vart brakt til Politihuset i Haugesund og sett i arresten der.

Paret er av utanlandsk opphav.

Saka vert etterforska ved Stord lensmannsdistrikt.