– Eg fekk utruleg mange gode tilbakemeldingar etter Hatlevikbasaren i fjor, og gler meg til å vere med igjen, seier Rune Larsen.

Den kjende artisten fortel at han, som i fjor, vil køyra eit eige program på rundt 50 minutt saman med Terje Kleppe som tek seg av kompet. Nokre songar vert sjølvsagt skifta ut.

– Programmet speglar att både bakgrunnen min og trua mi, og eg ser det som ein fin måte for meg å formidle den glade bodskapen på, seier Larsen.

Elles vert både Sissi og Johannes Kringlebotn og «husorkesteret» med, som tidlegare år.

Kystkultur

Hatlevikbasaren på Hatlevik i Fitjarøyane er kystkultur på sitt aller beste, og førstkomande i år vert han arrangert for 27. gong, etter at han starta opp att i 1984.

Som vanleg vil mykje flott handarbeid i tre, i maritim stil, bli auksjonert bort. I tillegg vert det åresal og gratis kaffi og kaker.

Primus motorar for arrangementet er Rasmus og Salamon Hatlevik, og Salamon kan fortelje at Johan Kristian Nesse frå Bømloteateret vert auksjonarius i år òg, etter ein svært så suksessfull innsats i same rolla i fjor.

Den tradisjonsrike basaren i Fitjarøyane finn alltid stad første laurdagen i juli. Dermed er det ikkje vanskeleg å rekna ut at han i år vert arrangert 2. juli. Det heile startar kl. 12.30.

Inntekta av arrangementet går som vanleg til Betelskipet Elieser 6 og Den indre Sjømannsmisjon.