Hatlevikbasaren 4. juli er framleis eit unikt kystkulturengasjement på Hatlevik i Fitjarøyane med god, gamaldags auksjon, song og musikk og gratis bakst og kaffi. Inntekta går til Betelskipet «Elieser 6» og Den indre sjømannsmisjon.  Bilete: Frå ein tidlegare Hatlevikbasar der Rune Larsen var med. Foto: FP-arkiv/HCH

I år vert Rune Larsen igjen med på basaren, noko han har vore, med stor suksess, to gonger tidlegare. 

Auksjonarius er,  i år som i fjor, Halvard Møgster. 

Det går hurtigbåt frå Sagvåg og Rubbestadneset.

Elieser 6 i Hatlevik. Foto: Kåre Undal

Betelskipet Elieser 6 vil liggje i Hatlevik under basaren, og kvelden etter, søndag 5. juli kjem båten til Fitjar og Meierikaien. Der vert det omøte om bord for alle om kvelden.

Les meir på hatlevikbasaren.no.