”Troende – til alt” er tittelen på den første temakvelden i Fitjar kyrkje i haust. Det er Rune Larsen som står for dette programmet som finn stad førstkomande torsdag.

Dei fleste kjenner Rune Larsen. Han har sett djupe spor etter seg både som musikar, programleiar og produsent, og han har vore sentral i arbeidet med å etablera Ten Sing-rørsla i Noreg.

No kjem han til Fitjar med ei musikalsk førestilling om vegen frå ”Rockens konge til Kongenes Konge” som han sjølv seier.

Larsen er oppteken av den gode kommunikasjonen, han er engasjerande – og engasjert – og ein svært dyktig og sprudlande formidlar. Det bør verta  fullt hus i kyrkja torsdag 25.august.