Sunnhordland Padleklubb arrangerte laurdag padledag på Smedholmen. Både store og små møtte opp. I alt rundt 70.

Kjetil Hjelle i padleklubben er sjølvsagt stornøgd med frammøtet.

– Mange fekk her prøve kajakk  for første gong, og det var tydeleg at dette gav meirsmak. Det vart både innføring i padlingen sin edle kunst, og dei som ønskte det fekk altså prøve seg i praksis. For dei meir kajakkvande vart det ein flott guida tur i Fitjarøyane.

Vêret som hadde synt seg frå si beste side på føremiddagen, vart svært så vått etter kvart. Likevel var det ein del tøffingar som overnatta i telt på land.

Kjetil Hjelle opplyser vidare at kajakk-klubben har ein dobbelkajakk til leige, og at dei vurderer å kjøpe inn ein til, i tillegg til nokre barnekajakkar.

Og kven veit? Kanskje kajakk-happeningen på laurdag på sikt fører til auka medlemstal i kajakk-klubben. At Fitjarøyane er eit eldorado å padle i er det i alle fall ingen tvil om.

– Kanskje arrangerer me ein tilsvarande dag neste år òg, men då gjerne i samarbeid med turlaget eller andre lag, seier ein nøgd Kjetil Hjelle til slutt.