Basaren for Ukraina vart arrangert i kantina på Fitjar vgs  tysdag 24. mars samla rundt 50 besøkjande, skriv Sissel Jørgensen på Fitjar vgs si heimeside. Foto: Rita H. Huse

 

-Mange håpa på å vinna det vakre heklateppet Bodil Raudstein hadde laga. Den heldige vinnaren av teppet vart Lorentze Waage, Fitjar. Dorthe Skappel-jakka laga av Liv Steien vart vunne av Bolette Lindeflaten, Stord, heiter det vidare.

Til saman fekkein  inn heile 36.602 kroner som er sendt vidare i dag.

-Tusen takk til alle som på ulikt vis har støtta oss både med gevinstar, besøk og romslege lommebøker, skriv Barne- og ungdomsarbeiar-klassen på nettet.