Teltet på Sjøsio var så godt som fullt då tidlegare sokneprest Gunvald Bjotveit ønskte velkomen til festivalgusteneste i føremiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Søndagens tekst handla om kviledagen ut i frå Markus 2. kapittel.

– Kviledagen er ein dag me skal hente krefter ifrå. Gud velsigna denne dagen og gjorde han til ein dag der folk og fe skulle få kvile. Me lever ikkje i lova si tid, men i nådens tid, og me skal ikkje kvilehalda heilagdagen, men heilaghalde kviledagen, sa Bjotveit, og fortsette:

– Gud vil at denne dagen skal vere ein god dag for oss alle. Ein festdag.  Som ein liten påskedag.

Eg veit st det har vore ein stor debatt om søndagshandel. Det diskusjonen skal ikkje eg blanda meg bort i anna ein at ein må spørje seg sjølv om dette skal vere ein dag til åndeleg fornying og rekreasjon  – eller ein dag der me skal kunne kjøpe endå meir. Men ein ting står fast:

I kyrkja er det alltid søndagsope.

Steinar Vik (trommer), Heine Helland (bass), Ole Christian Ottestad (saxofon), Harald Rydland (keyboard) og Gurid Refvik (song) gav gudstenesta tonefølgje – og Sigrid Fangel Brekke var tekstlesar. Flotte bidrag av dei alle.