Rundkøyringa ved Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, står no ferdig. Ei rundkøyring med vikingsskipsymbolikk.

Rundkøyringa er vakkert mura med bellegningsstein i ytterkant, medan det inst er bygd opp med store naturstein. I mellom er det naturstein av mindre dimensjonar og forskjellig form.

– Men dei store steinane ligg ikkje heilt tilfeldig, forklarer Tormod Bergesen. –Ser ein nærmare på rundkøyringa, vil ein sjå at dei dannar forma til eit vikingskip, seier han.

Bergesen har elles forståing for at nokon gjerne vil ha både skulptur og /eller fontene i rundkøyringa. -Det vart det ikkje midlar til denne gongen, men steinane er ikkje mura fast, så får kommunen betre råd i framtida, kan ein lett fiksa på det, smiler han.