Runar Søreide Skogedal fekk æra av å slå på lyset i den nye lysløypa til Svartavatnet då minst 100 friskusar var samla ved gapahuken under den offisielle opninga.

Runar er son til Geir Tore Søreide, ein av dei aller viktigaste eldsjelene bak dugnaden som har gitt fitjarbuen 2 km lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet. Arbeidet har gått unna i rekordfart i haust, takka vere nemnde Søreide og to andre energibuntar, Tore Sigurd Fitjar og Toralv Røen.

Dei tre eldsjelene bak dugnadsarbeidet hausta mykje fagnad frå leiaren i byggjenemnda, Harald Rydland, som er leiar i Fitjar fjellsameige. Til liks med oss andre var han imponert over at det var så mange som hadde trassa kuling og regn for å vera med på dette arrangementet i fjellet. Og heller ikkje han greidde å telja alle i mørkret, men truleg var godt over 100 hardføre fitjarbuar og stordabuar til stades.

Ordførar Wenche Tislevoll stod for opningstalen. Ho gjorde greie for utviklinga av prosjektet, frå det dukka opp som ein idé, og gjennom den kommunale kverna og fram til kveldens opning. Også ho uttrykte ovundring over kva dei gode kreftene i Fitjar kan få til når dei går inn for noko. Ho la vekt på at fitjarbuen har vore flink å utnytta mulighetene som utbygginga i fjellet har gitt oss. Dette er noko som blir lagt merke til av andre, sa ho, blant anna i Olje- og energidepartementet.

Harald Rydland hadde som vanleg stabla på beina kompetente folk til kulturelle innslag. Hans Kobberstad spela fiolin, Thea Træet song julesongar, og den allsidige bonden frå Rydland akkompagnerte, med dotter si, Maren, som god «bladlus» i ruskavêret. Eldstemann i fjellet i kveld, Nils Vestbøstad, las spontant andre vers av «Mot i brystet» for forsamlinga.

Etter at Runar Søreide Skogedal hadde kveikt lyset, nytta ein del av dei mest hardføre høvet til å prøva lysløypa medan ho var ny. Aller først var ikkje uventa Arne og Ingrid Devik.

 

 

- Annonse -