Operasongar og tømrar Rùnar Thor Gudmundsson som i dag vart presentert både på Vestlandsrevyen og rikssendinga til NRK 1, øvde med Osternes mannskor i kveld.

Det er no klart at Gudmundsson vil delta på julekonserten i Fijar kyrkje 12. desember, både som solist i ein song Osternes mannskor framfører og med «O helga natt» på islandsk.

Under øvinga med mannskoret i kveld presenterte han òg ein del av oppvarmingsøvingane sine for koret, som applauderte for den svært sympatiske islendingen.

Rùnar Thor Gudmundsson bor for øvrig i Njardvik som tidlegare var venskapskommune med Fitjar. Han har kone og fire søner, og 19. desember skal han halda konsert i heimbyen sin på Island, i lag med andre islandske operasongarar.

Innslaget frå Vestlandsrevyen kan du sjå på NRK Nett-TV