Ein av våre idrettsaktive lesarar saknar rulleskia sine. Kanskje kan du hjelpe han å finna dei?

Han skriv: «Onsdag 21.11. gløymte eg skøyterulleskiene mine på parkeringsplassen utanfor Podlen Verkstad på Heiane. Då eg skulle henta dei seinare, var dei vekke. Dei tilsette på Verkstaden har ikkje sett noko til dei, så dei er tekne ein gong på onsdag kvelden.

Det dreier seg om eit par SWE-NOR skøyterulleski. Dei er gule med raude bindingar og har pastellgrønne skjermar. Talet 17 er skrive oppå begge skiene.

Har nokon sett rulleskia mine er det fint om de kan gi meg ei melding om dette på tlf 920 80 686.»