Frå og med augustnummet av Fitjarposten si papirutgåve vil me lage plass for rubrikkannonsar for privatfolk og frivillige organisasjonar på side 2 i avisa.

Fitjarposten vil gjerne bidra litt til at organisasjonane vert oppmuntra i det flotte arbeidet dei driv. Frå og med papirutgåva i august innfører med såleis to nye tilbod. 

Det eine er at me startar med rubrikkannonsar for organisasjonar på side 2 i papirutgåva. I augustnummeret får alle som melder seg på innan førstkomande måndag desse annonsane gratis, så langt det er plass. 

Til vanleg vil me elles  ta kr. 50 + moms for inntil fire linjer (èin spalte) og kr. 100 + mva for opptil 10 linjer. Annonsar med bilde vil koste kr 200 + mva. Også privatfolk kan annonsere på denne sida.

I tillegg vil me frå i dag av gje organisasjonane 20 prosent avslag på nettannonsar.

Ring eller send sms til  481 51 491 for bestilling, eller nytt e-posten: post@fitjarposten.no.