Midt i all adventkosen vert me i dag, på røykvarslardagen, minna om at desember er månaden der det diverre er høgsesong for brannar. – Å teste røykvarslaren, og å byte batteri, er ei god livsforsikring, seier brannsjef Tore Nesbø til fitjarposten.
Han fortel vidare at Fitjar brannvesen ikkje kjem til å ha noko spesiell markering i dag. Men dei vil ta nokre stikkprøver hos folk for å sjå om brannsikringa er i orden, truleg alt i denne veka. Dette truleg i samarbeid med feiarvesenet.
Sjå òg her.
Ingressbilete: No er det tid for å sjekke røykvarslaren. Foto: Stockphoto.