Klokka 16.25 vart det meldt om røykutvikling frå kjøretøy i Bømlafjordtunnelen. Tunnelen vart stengt ei stund.

– Kjøretøyet stod rundt 200 meter fra nordre utløp. Vegtrafikksentralen og nødetatar vart varsla og sendt til tunnelen. Det vart ikkje påvist brann, men bilberging vart iverksett, opplyser operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Tunnelen vart stengt ei stund, men er no open igjen.