Både representantar for frivillige lag og for næringslivet møtte opp torsdag kveld for å vera med på skipinga av den nye festivalforeininga i Fitjar.

Oppslutnaden om skipingsmøtet tyder på at fitjarfolk ønskjer seg ein skikkeleg festival til sommaren, og at folk vil vera med for å få det til. Alle laga som møtte på skipinsmøtet blir med i festivalforeininga. Fitjar Idrettslag, Fitjar Musikklag, Fitjar Skulekorps, Fitjar Teaterlag, Fitjar Bondelag og Fitjar Skyttarlag har alle god tru på prosjektet. Det same har Ronald Hareide i Fitjar Hotelldrift. I tillegg blir også Larsen Eiendom og Fitjar kommune med.

På skipingsmøtet blei det i valt eit styre som fekk i oppgåve å registrera foreininga i Brønnøysundregistra før 31.12.2009. Styret vil straks gå i gang med å få fleire medlemmer blant organisasjonar, næringsdrivande og enkeltpersonar. Vidare vil dei arbeida med vedtektene og førebu ekstraordinært årsmøte i januar 2010.

Ordførar Harald Rydland blir med i styret, og seier seg svært glad for at Roy Tore Torvund tok på seg vervet som styreleiar. Det ligg nok mykje arbeid framfor styret, men ordføraren har god tru på at festivalen 19. til 22. august neste år blir ein suksess.