Ein del skriftlege formalitetar står att, men Roy Inge Stegane har allereie takka ja til å bli ny A-lagstrenar for Fitjar, stadfestar leiar i fotballgruppa i Fitjar Idrettslag, Tore Nesbø.

-Det er kjekt at vi no kan få ein lokal trenar igjen. Roy Inge har dessutan trenarutdanning til og med 2. divisjon, seier ein svært nøgd Tore Nesbø.

Roy Inge Stegane seier i ein kommentar til fitjarposten.no at han ser på den nye trenarjobben som ei spennande utfordring. -Det må nok hardt arbeid til for alle partar, men eg gler meg til å kome i ein positiv dialog med spelarane, legg han til.