Bjørn Marius Øyehaug og Vegard Hansen i Rotlaus skapte topp stemning på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarbuar i alle aldrar kom i flokk og følgje for å oppleva godstemning i idrettshallen i går kveld, og saman med ein god del stordafolk var det over 700 som fekk sving på dansefoten under konserten med Rotlaus.

– Det er godt over 700 inne no, slo ein letta styreleiaren i Fitjar kultur- og idrettsbygg, Agnar Aarskog, fast då han endeleg kunne slutta av billettsalet og kasta seg over andre praktiske oppgåver under gårsdagens konsert.

Gisle Aarbø med kveldens finaste hatt, her saman med Frida Haugen og Monica Nes Helland. Foto Kjetil Rydland.

Dei hadde selt over 600 billettar før dørene opna klokka 20, og hadde såleis arrangementet i hamn økonomisk. Og med ein flokk etternølarar blei det fullt hus og fullt trøkk i idrettshallen. Gjestene frå Østra kom ikkje på scenen før klokka 23, men publikum slapp å kjeda seg.

Medan idrettshallen blei fylt av musikk- og festglade, gjekk Tom Wagtskjold rundt blant publikum og heldt humøret oppe. Med eit imponerande variert repertoar og endå meir imponerande kondisjon underheldt Wagtskjold eit forventningsfullt publikum i eitt bankande i to-tre timar. Ein sterk prestasjon!

Eit par timar før Rotlaus entra scenen, skapte Tom Wagtskjold topp stemning hos eit forventningsfullt publikum i idrettshallen. Foto: Kjetil Rydland.

Den som hadde opplevd Wagtskjold i timevis, hadde uansett ikkje kome forgjeves på fest i går kveld, men det var naturlegvis gjestene frå Ørsta som var kveldens høgdepunkt. Og dei skuffa ikkje på nokon måte.

Folk trekte fram til scenen for å hylla heltane sine, og golvet var fullt av danseglade under heile konserten. Musikken hadde me vel ei kjensle av å ha høyrt før, sjølv om dei skriv musikken sin sjølve. Men framføringa var frisk, og fekk det til å kribla i bein som ikkje har prøvd å dansa på 40 år … Feiande frisk musikk som fekk det til å svinga i to timar!

Etter denne seansen skjønar me godt at Rotlaus har blitt ei dei største norskspråklege livebanda i heile landet, etter å ha vore heilt ukjende for fire år sidan. Og me høyrer dei meir enn gjerne igjen.

Simen M. Rebbestad gav alt på scenen. Foto: Kjetil Rydland.
Rotlauseffektar var nauturlegvis til sals, Håvard Fitjar og Petter Hoff hadde ein kjekk jobb i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.