Det var mykje god humor med Han Innante i kultursalen i kveld.

Opp mot  150 stykker fekk med seg den svært morsomme revyen «Rotfast og lealaust» i kultursalen i kveld. Det var eit vaksent publikum, men og nokre ungar i salen. Dei fleste kom frå Fitjar, men det var og tilreisande som viste at det går an å køyra frå Leirvik til Fitjar for å få med seg ei morsom oppleving. Dette var humor for alle, sjølv om nok dei yngste kanskje gjekk glipp av noko av den verbale humoren, men så kunne dei dess meir gle seg over dei morsomme karakterane og kroppsspråket deira.

Torolf Nordbøe, alias Han Innante, var den som bandt heile revyen saman. Men han hadde og med seg Torolf Ingebrethsen og Leif Arild Steen alias Mugge og Bugge, to toegga tvillingar som er fødd med to månaders mellomrom. Rita Fotland var med på trekkspel og song, og som Torolf sa det: som pynt. Reinert Løvik hang i klesskapet og var med å krydra revyen då han kom ned frå hengaren. Han glimra spesielt til då han spelte på skeier saman med Rita på trekkspel.

Etter ein kort morsom start med ein som ikkje hadde bilett, gjekk det litt roleg for seg ei stund, men det tok seg heldigvis snart opp. Etter kvart runga latteren i salen, og lattertårene trilla. Etter latteren å døma var høgdepunkta Mugge & Bugge og skientusiasten.

Torolf Nordbø hadde og ein liten avdeling på midten der han var seg sjølv, og kanskje litt meir alvorleg og djup. Ein variasjon som gav oss høve til å bli litt kjend med mannen bak Han Innante.

Etter endt revy kunne dei som ynskte det kjøpa med seg ein dvd eller ein cd, slå av ein prat med Han Innante eller sikra seg ein autograf, slik Henrik Vedå Ivarsøy gjorde.