– Ja, det er nok ikkje tvil om at dette òg har litt med røter å gjere, seier fitjarbu og dr. med. Bjarte Stubhaug, som har starta klinikk for stressmedisin i barndomsheimen sin.

Hus og hage noko ombygt til føremålet, men me er ikkje i tvil om at Borghild og Lidvald hadde likt det dei såg om dei hadde vore i live no.

– I utgangspunktet hadde eg ikkje planar om å opprette ei avdeling her i Fitjar, men då huset stod tomt etter at far døydde, vart situasjonen annleis. Fitjar ligg òg sentralt til med omsyn til praksisen eg driv. Eg har mange pasientar frå Bergen, og for dei er det mykje enklare å kome til Fitjar enn til Sveio eller Skånevik, seier Stubhaug, som frå før har avdelingar på desse plassane. «Frihamnsenteret» i Skånevik og «Albatross» i Sveio.

Klinikk for stressmedisin

Klinikken på Fitjar har han kalla «Klinikk for stressmedisin Fitjar», og i huset oppe i Sjøsbrekko har han fått ominnreidd til svært høvelege, lyse og trivelege lokale.

– Kva ligg i ordet stressmedisin?

– Det er tilstandar som verken er direkte fysiske eller psykiske sjukdommar, men litt begge delar likevel, idet stress i ulike former – overyting, søvnplager, smerter, bekymring og det å engste seg – kan gje ubalanse i kropp og nervesystem og skape helseplager. Mange har plager som set dei ut av spel og gjer at dei ikkje klarer fungere, sjølv om ikkje plagene er medisinsk alvorlege.

Hovudoppgåva mi er å gje folk med slike plager hjelp til å redusere stress og plager og meistre livet betre. I det ligg det også å skifte fokus – og hjelpe dei til å finne ein nyttig endringsstrategi. I staden for å vere fanga i ei bakevje av problem treng me ofte hjelp til å akseptere det me ikkje kan gjere noko med – og våge å spørje: – Kva kan eg gjere no? Korleis kan eg få mindre plager – eller ein betre kvardag med dei plagene eg har? Er det tankar som er fastlåste eg kan gje slepp på? Finne meir nyttige tankar og atferd?

Sanse meir enn å gruble

– Det har òg synt seg bra å få folk til å bruke sansane meir, i staden for at dei sit og grublar og analyserer. Du kan godt seie at eit mål for meg er å få folk å koma til sans og samling. Grubling og bekymring er svært oppskrytt, seier Bjarte Stubhaug, litt ironisk.

Ikkje spesifikk for Fitjar

Den nye avdelinga på Fitjar er ikkje nokon spesifikk fitjarklinikk. Klinikken ligg under Helse Vest, slik som Frihamnsenteret og Albatross òg gjer. Tilvising skjer gjennom fastlegane. Berre den siste veka har Bjarte Stubhaug hatt 100 pasientar på oppfølgings-program og kurs i Fitjar, på Fjordhotellet. Elles blir det poliklinikk og kurs i Stubhaughuset, i eit behandlingsprogram som varer frå måndag til torsdag, der pasientar bur på Fitjar fjordhotell. På desse behandlingskursa med åtte deltakarar om gongen, er det undervisning, gruppeterapi, skriveøvingar og oppmerksomheitstrening, samt tur til sans og samling. Hovudfokus er kunnskap og forståing av sine helseplager, hjelp til å minske plagene og oppleve betre helse, seier Bjarte Stubhaug.

– På desse kursa snakkar vi ikkje om sjukdom, men om meistring. Målet er å kome vidare, ikkje hengje fast i det gamle, legg han til.

gli steroidi